Skulekonkurranse under open skule ved Haram vidaregåande skule 31.01.2019
Publisert: 01/02/2019Uttakskonkurranse til fylkesmesterskap innan TiP-faga vart arrangert i samband med open skule ved Haram vgs 31.01.2019.
Det var 14 elevar frå vg2 Industriteknologi som deltok innan tre fagområder- sveis, manuell maskinering og industrimekanikarfaget. Det var stort engasjement og konsentrasjon under konkurransen av alle deltakarane. Alle elevane gjorde ein god innsats. Vinnaren av konkurransen i sveis vart Ole-Martin Eidem Flem, i maskinering Joakim Andre Brox og Espen Longva Dybvik i industrimekanikarfaget. Desse er no kvalifisert til Fylkesmesterskap ved Romsdal vgs 14.februar. Om ein vinn der er ein kvalifisert til SkuleNM i april.
Eit solid dommarpanel sørga for bedømminga. Dommarane var henta inn frå våre medlemsbedrifter og har solid kompetanse i faga. Ekstra kjekt var det at bronsevinnar i yrkesNM i sveis 2018 og tidlegare norgesmester i industrimekanikerfaget stilte opp som dommarar.
Sjå fleire bilete på vår facebookside.