Steffen – Sveisar i europaklasse?

Steffen 1 2
Steffen 1 2
Publisert: 01/09/2023

Norgesmeistaren i sveis, Steffen Skaget, skal delta i EM Gdansk 5. - 9. September. Les intervju med han her!

Del gjerne:

Kva var det som fekk regjerande norgesmeistar i sveis interessert i faget, og kva har deltakelsen på Yrkeslandslaget betydd for han? NÅOPP har tatt ein prat med Steffen Skaget som skal konkurrere på Yrkeslandslaget i Yrkes-EM 2023. Konkurransen er arrangert av WorldSkills og skal gå av stabelen i Gdansk 5. – 9. September. Deltakarane er lærlingar og unge fagarbeidarar frå 31 land, og det er venta 100 000 besøkande tilskodarar. Noreg deltar i 14 forskjellige yrkesfag.

NÅOPP var så heldig å få følgje Steffen under læretida og gler seg no til å følgje med til Gdansk og heie på han der!


Kva var det som fekk deg til å velje denne yrkesfagretninga?

Min far har fagbrev som sveisar og eg hugsar at han hadde ein bil som han sveisa på då eg var seks år. Då satt eg ute saman med han, fulgte med og syns det var så kult. Eg var skulelei frå ungdomsskulen, yrkesfag vart difor eit naturleg val. Då fekk eg starte med praktisk arbeid, og som lærling starta eg å tene pengar fort. Eg gjekk TIP på Haram Vgs og var utplassert på VARD Søviknes i yrkesfagleg fordjuping. Der fekk eg også læreplass.

Var utplasseringa med på å skaffe deg læreplass, om så, kvifor?

Ja det trur eg absolutt. Om ein ikkje gjer eit godt inntrykk når ein er utplassert får ein ikkje læreplass. Eg møtte opp og jobba på, og søkte faktisk berre læreplass her. Det viktigaste er å møte opp.

Ja, ingen bedrifter har behov for ein tom kjeledress. Korleis var læretida, fekk du god opplæring og oppfølging?

Eg tok fagbrevet i 2020. Læretida gjekk raskt. Eg starta først med opplæring på verkstaden ein periode, så om bord og fekk delta inn i produksjonen. Opplæringskontoret kom sjølvsagt innom på jamlege oppfølgingsmøter og masa om å dokumentering he, he.

Så du fekk raskt delta i verdiskapinga til bedrifta. Du avanserte raskt i stilling etter at du tok fagbrevet også?

Ja, eg arbeidde som fagarbeidar i eitt år før eg fekk engasjement som arbeidsleiar. Har også hatt noko instruktøransvar for nye lærlingar etterpå, men då eg har jobba rundt om på fleire av VARD-lokasjonane har det til tider har vore vanskeleg å følgje opp. I tillegg studerar eg, noko som gjer at eg er borte frå jobb fem veker i året.

Kva studerar du? Er dette noko du gjer gjennom bedrifta?

Eg studerar til å bli sveiseteknikar, IWT. Det er ei fagskuleutdanning over tre år og eg har no fullført eitt år. Studiet er nettbasert og med fysiske samlingar. Bedrifta dekker tapt arbeidsforteneste mot at eg har binda meg til bedrifta nokre år. Om ein ønskjer kan ein utdanne seg vidare til sveiseingeniør, IWE, etter å ha tatt sveisetekninkar.

Spennande! Korleis hamna du på Yrkeslandslaget?

Eg måtte kvalifisere meg til å delta i Yrkes NM. Tidlegare hadde eg deltatt på skulekonkurransar som ikkje gjekk så bra. I april 2022 vann eg Yrkes NM i sveis og fekk då moglegheita til å delta på Yrkeslandslaget.

Kva har du opplevd på Yrkeslandslaget? Korleis har oppladinga mot EM vore? Har du eigen mentor?

Eg har fått delta på tre samlingar og skal på ei fjerde no rett før vi reiser til Polen. På desse samlingane har vi jobba mykje med det psykiske - å ikkje knekke saman under presset. Vi har bygd lag gjennom teambuilding og blitt godt kjend. Vi har mellom anna fått forelesingar frå store sportsprofilar som skal ruste oss til å takle konkurransen. Alle utøvarane har sin eigen mentor. Min mentor er Leif Ottar Heimro frå Aker Solutions. Han har kome med råd og rettleiing undervegs, og skal vere med som støtte under konkurransen. Har elles fått tid avsett i bedrifta for å øve og finpusse på teknikkar.

Kva betydning har seieren i YrkesNM og no deltakelsen i Yrkes EM hatt å seie for deg? Trur du det betyr noko for bedrifta?

Det har vore gøy og eg har jo fått oppleve masse allereie. Det er klart at det tek seg godt ut på ein CV. Å få vere med på dette er ei «once in a lifetime» oppleving. Eg får ikkje delta i VM då aldersgrensa der er 22 år, medan øvre grense i EM er 25 år. Det verkar som det er stort for bedrifta også at eg skal delta.

Å være norgesmeistar og å ha lært opp norgesmeistaren i sveis må jo både bety at du er god i faget og at dei har gitt god opplæring så vi skjønar godt at det betyr mykje. Kva er ambisjonane i konkurransen og vidare?

Eg må jo prøve å gå for gull då. Elles er planen å bli ferdig med studiet og jobbe vidare i bedrifta.

Vil du anbefale andre unge å velge yrkesfag og sveisefag?

Så absolutt. Du har alle moglegheiter opne om vel yrkesfag og tek fagbrev. Då har du både ein yrkeskompetanse og kan jobbe som fagarbeidar eller studere vidare om du vil det. Det er mangel på fagarbeidarar og sveisarar. Vel yrkesfag!


Dei som vil lese meir om Yrkes EM kan gå inn på https://www.worldskills.no/.

Vi ønskjer Steffen masse lykke til og prøvar ikkje eingong å leggje skjul på kor stolte vi er av at «vår» tidlegare lærling har klart denne bragden. Honnør til han og Vard Søviknes!

Vi vil prøve å leggje ut oppdateringar i våre sosiale media undervegs i konkurransen.