Sveisa seg til bronsemedalje i Yrkes-NM

Fredrik 3Pl
Fredrik 3Pl
Publisert: 29/10/2018

Fredrik Sæter, ung fagarbeidar ved Vard Søviknes vann tredjeplassen i skarp konkurranse med seks andre sveisarar under YrkesNM på Hellerudsletta utanfor Oslo 22.-25. oktober 2018

Del gjerne:

Sveisekonkurransen gjekk over tre dagar og deltakarane måtte levere oppgåver på både tid og kvalitet. Nivået var høgt på alle deltakarane.Med i konkurransen deltok også 2. årslærling Glen-Thore Aasen frå Vard Søviknes. Han gjorde også ein flott innsats. Våre deltakarar konkurrerte med unge fagarbeidarar og lærlingar frå Kværner Stord, Kværner Verdal og Aibel. Magnhild Vanebo frå Kværner Verdal gjekk av med sigeren ,medan Oskar Hallaråker frå Kværner Stord tok sølvet.

Deltakarane i sveisefaget

Under YrkesNM vart det gjennomført yrkeskonkurransar i 33 ulike fag med over 300 deltakarar. YrkesNM set fokus på fag- og yrkesopplæringa og er ein fin måte å marknadsføre fagopplæringa på.I tillegg til NM vart det arrangert utdanningstorg der over 30 000 ungdommar var innom.Kunnskaspminister Jan Tore Sanner opna  arrangementet og påpeika at yrkesfag ikkje stenger, men opnar for mulegheiter. Møre og Romsdal deltok med 15 deltakarar innan 8 ulike fag og drog sigeren heim både i automatiseringsfaget, anleggsmaskinførarfaget og elektrikarfaget, noko som tydar på at det blir gjennomført ei god fagopplæring ute i bedriftene i fylket.

Vi er stolte av Fredrik og  Glen-Thore som har lagt ned mykje tid til å trene etter at dei kvalifiserte seg til NM.Dei representerte bedrifta si på ein framifrå måte.