Ivrige lærlingar på sveisekurs

Sveisekurs Nov 18
Sveisekurs Nov 18
Publisert: 16/11/2018

2.årslærlingane i industrirørleggjarfaget vart samla på Vard Langsten for sveisekurs.

Del gjerne:

Kurset gjekk over fire dagar med Ole-Ivar Lønnum frå Lønnum Sveiseteknikk som instruktør. Målet med kurset er å heve sveisekompetansen til lærlingane i faget. Dei fekk trene på sveising av svartstål og rustfritt. Det var også lagt inn litt teori.
Vard Langsten hadde lagt godt til rette for gjennomføring av kurset.

Dei åtte lærlingane  som deltok kjem frå Vard Langsten, Vard Piping og Vard Søviknes.