Lærling

Lærling

Publisert 20.02.26

2xGull og ein sølv i Yrkes-NM!

Alle våre fire lærlingar som deltok i Yrkes-NM i industrifag 10.-12. februar gjorde ein fantastisk innsats.
Ane Rovde frå Finnøy Gear & Propeller AS tok gull i industrimekanikarfaget og Jakob Viddal Cummins frå Vard Søviknes tok gull i sveisefaget.
Selma Marie Lerstad, også frå Vard Søviknes, tok sølv i sveisefaget.

Arrangement

Publisert 02.02.26

Trippelkvalifisering ved VARD Søviknes!

Dei tre sveiselærlingane Jakob Viddal Cummins, Amund Tafjord Rødhammer og Selma Marie Lerstad har alle kvalifisert seg til Yrkes-NM i industrifag 10. til 12. februar 2026 i Kongsberg.

Lærling

Publisert 05.09.25

Manglar du fag frå vidaregåande?

Meld deg opp til privatisteksamen innan 15. september!

Arrangement

Publisert 03.09.25

Oppstartssamling for nye lærlingar

Lærlingesamling for nye lærlingar på ID Huset i Brattvåg 02.09.2025.

Lærling

Publisert 10.04.25

Simulering som pedagogisk metode

Ein spennande og kanskje utfordrande, men lærerik dag for lærlingane i helsearbeidarfaget då dei  denne veka fekk delta på eit opplegg om simulering som pedagogisk metode ved Haram vgs.
Målet med dagen var at lærlingane skulle få eit innblikk i metoden,få auka kompetanse i å reflektere over praksis, samtidig som dette knyter skule og næringsliv tettare saman.

Arrangement

Publisert 20.03.25

Årets fagprøvesamlingar er gjennomført

Spennande tider – no er snart “fagprøvesesongen” i gong.
I løpet av mars har det blitt gjennomført fagprøvesamlingar for alle lærlingar i opplæringskontoret som skal opp til fagprøve dette året!

TIG sveisingArrangement

Publisert 27.11.24

Yrkes-NM 2025

Yrkes-NM 2025 arrangerast i Førde i 1.- 3. april

Hald deg oppdatert på siste nytt
og komande arrangement