CNC-Maskineringsfaget
CNC-Maskineringsfaget

CNC-maskineringsfaget

Sist oppdatert: 16/06/2021

CNC-operatøren brukar datamaskin til å styre mekaniske maskiner og lage komplekse delar i metall eller andre materialer.

Aktuelle arbeidsplassar

Ein CNC-operatør arbeidar innan ei rekkje verksemder som mekanisk industri, kjemisk industri, oljeverksemd, skipsbygging og treforedling. Arbeidsplassar finst i store og små bedrifter som er høgt spesialiserte for framstilling av nye produkt for mekanisk industri, og i verksemder for vedlikehald av utstyr i annan industri.

Sentrale arbeidsoppgåver

  • mottak av materiale
  • bearbeiding og produksjon av detaljar av ulike materiale ved hjelp av manuelle og styrte verktymaskiner
  • val av skjereverkty og skjeredata
  • bruk av digitale hjelpemiddel til å utvikle og redigere program for styrte verktymaskiner samt informasjons- og administrasjonssystem
  • vedlikehald av maskiner og tilhøyrande utstyr

Personlege eigenskapar

CNC-operatøren må kunne arbeide nøyaktig, forsiktig, rasjonelt og effektivt, både sjølvstendig og saman med andre. Du bør ha godt handlag og interesse for maskiner og teknologi.

Utdanningsveg

  1. Vg1 Teknologi og Industrifag/ Vg1 Elektro og datateknologi
  2. Vg2 Industriteknologi
  3. Vg3 Opplæring i bedrift i to år. Fagbrev etter bestått fagprøve.

Les meir på: vilbli.no

Våre medlemsbedrifter