Salsfaget
Salsfaget

Salsfaget

Sist oppdatert: 20/11/2020

Ein salsmedarbeidar jobbar med sal, produktveiledning, kundebehandling og yter service til privatkundar eller bedrifter.

Aktuelle arbeidsplassar

Salsmedarbeidarar jobbar i ei rekkje private og nokre offentlege verksemder. Til dømes i butikkar eller i salsavdeling på større bedrifter.

Sentrale arbeidsoppgåver

• marknadsstrategi, marknadsføring og salsarbeid
• ulike salsmetodar (telefonsal, nettsal, direktesal, meirsal, gjenkjøp)
• kommunikasjon og sosial samhandling
• bruk av teknologiske hjelpemiddel
• inngåande kunnskapar om bedrifta sine produkt

Personlege eigenskapar

Ein salsmedarbeidar må vere kunde- og serviceorientert, blid og høfleg, kunne ta initiativ, arbeide kreativt og planmessig, både sjølvstendig og saman med andre. God kommunikasjonsevne og sosial kompetanse er avgjerande kvalitetsfaktorar. Du bør vere ryddig, ha økonomisk sans og gode språkkunnskapar.

Utdanningsveg

  1. Vg1 Sal, service og reiseliv
  2. Vg2 Sal og reiseliv
  3. Vg3 Opplæring i bedrift i to år. Fagbrev etter bestått fagprøve

Les meir om salsfaget på vilbli.no

Våre medlemsbedrifter