Ernæringskokkfaget
Ernæringskokkar lagar mat ved institusjonar som sjukehus, eldresenter og fengsel.
Aktuelle arbeidsplassar
Ernæringskokken arbeider i private eller offentlege institusjonskjøkken innan helse -og sosialsektoren (f.eks. sjukehus, omsorgssenter, pleieheimar), i skule, i fengsel eller i Forsvaret, på bustadplattformer, på båtar og i kantiner og cateringverksemder.
Sentrale arbeidsoppgåver
Ernæringskokken har ansvar for matomsorga for grupper eller einskildpersonar for kortare eller lengre tid. Sentrale arbeidsoppgåver er:
- Behandling av råvarer
- kostplanlegging og samansetjing av diettar
- produsere og distribuere alle måltid i løpet av døgnet
- berekne mengde, pris og næringsinnhald
- budsjettere og planlegge menyar over lengre periodar med omsyn til variasjon, råvaretilgang, mattradisjonar
- bruke og vedlikehalde maskiner og anna utstyr
Personlege eigenskapar
Ernæringskokken må kunne arbeide planmessig, rasjonelt, effektivt og hygienisk, både sjølvstendig og saman med andre. Du må forstå kor viktig det er med ernæringsmessig rett mat, og kunne lage mat som gir positive opplevingar, til både friske og sjuke. Kreativitet og estetisk sans kan vere ein fordel.
Utdanningsveg
- Vg1 Restaurant og matfag
- Vg2 Kokk -og servitørfag
- Vg3 opplæring i bedrift i to år. Fagbrev etter bestått fagbrev
Les meir på: vilbli.no