Fag- og sveineprøve

Sist oppdatert: 12/06/2017

Fag- og sveineprøve er ei avsluttande prøve som vert avlagt i eit yrkesfag. Prøvene kan takast når lærlingen har gjennomført læretida, og bestått eventuelle teoretiske prøver som gjeld for faget. Når prøva er bestått får du fag- eller sveinebrev.

Fag- og sveinebrev

Du får fagbrev eller sveinebrev når du har fullført eit yrkesfagleg utdanningsprogram, gjennomført læretida di og bestått fagprøva. Det vanlegaste er å først ta to år på skule og så to år i bedrift, men dette varierer avhengig av kva utdanning du tek. Etter opplæring i bedrift tek du ei sveineprøve eller fagprøve. Når prøva er bestått får du fag- eller sveinebrev. Du får då nemninga fagarbeidar. 

Fagprøva vert vurdert av ei prøvenemnd. I nokre fag vert prøva gitt av prøvenemnda, og så kjem dei tilbake når kandidaten er ferdig for å vurdere det ferdige produktet. I andre fag er prøvenemnda i lag med lærlingen i gjennomføringsdelen og vurderer arbeidet der og då.

Ei fag- eller sveineprøve skal innehalde fire delar 

  1. ein planleggingsdel
  2. ein gjennomføringsdel
  3. ein dokumentasjonsdel
  4. ein evalueringsdel

Planleggingsdelen

Her skal kandidaten lage ein plan over arbeidet for å kunne gjennomføre og løyse oppgåva som er gitt. Planen kan innehalde:

  • framdriftsplan for arbeidet
  • utstyr
  • samarbeid med andre
  • referansar til dokumentasjon
  • framgangsmåte
  • val av metode
  • HMS

Gjennomføringsdelen

Lærlingen skal i denne delen av prøva utføre det praktiske arbeidet innan den tidsramma som er gitt. Planleggingsdelen ligg då til grunn.

Dokumentasjonsdelen

Dokumentasjonsdelen omfattar i utgangspunktet all produksjon av dokument under gjennomføringa av fagprøva. Det kan vere teikningar, prosedyrar, bilder, oppskrifter osv.

Eigenvurdering

Her skal lærlingen vurdere sitt eige arbeid. Kva gjekk bra og kva kunne vore gjort annleis. Dette vert gjort skriftleg. Her kan lærlingen forklare avvik frå planen og reflektere over kvaliteten på produktet og eigen innsats. Denne dokumentasjonen skal leggast fram for prøvenemnda og er grunnlag for ein avsluttande samtale.

Sluttkarakter

Kandidaten blir vurdert ut i frå vurderingskriterier som lærlingen vert gjort kjent med når prøva vert gitt. Kandidaten blir vurdert etter ein tredelt karakterskala: 

  • Bestått meget godt
  • Bestått
  • Ikkje bestått