Industrimekanikarfaget
Industrimekanikarfaget

Industrimekanikerfaget

Sist oppdatert: 16/06/2021

Industrimekanikarar held ved like og monterer maskiner og utstyr.

Aktuelle arbeidsplassar

Som industrimekanikar kan du få jobb innanfor blant anna kjemisk og mekanisk industri, oljeverksemd, skipsbygging og treforedling.

Sentrale arbeidsoppgåver

Industrimekanikaren arbeidar med tilverking av maskindelar

  • forståing og tolking av teikningar spesielt samanstillingsteikningar
  • bruk av alle typar handverkty ved montering og demontering av maskinelement
  • bruk av oppvarming og nedkjøling ved montering og demontering av maskinelement
  • bruk av verktymaskiner for produksjon og tilpassing av maskinelement
  • reparasjonssveising
  • foreta elektriske frå- og tilkoplingar ved reparasjons- og vedlikehaldsarbeid etter gjeldande forskrifter for slikt arbeid

Personlege eigenskapar

Ein industrimekanikar må kunne arbeide sjølvstendig, men òg saman med andre. Du bør ha godt handlag og vere nøyaktig.

Utdanningsveg

  1. Vg1 Teknologi- og industrifag / Elektro og datateknologi.
  2. Vg2 Industriteknologi.
  3. Vg3: Opplæring i bedrift i to år. Fagbrev etter bestått fagprøve.

Les meir på: vilbli.no

Våre medlemsbedrifter