Kontor- og administrasjonsfaget
Kontor- og administrasjonsfaget

Administrasjonsmedarbeidar

Sist oppdatert: 24/09/2020

Ein adminstrasjonsmedarbeidar jobbar i offentlege verksemder, bibliotek, service- og informasjonssenter og i private bedrifter.

Aktuelle arbeidsplassar

Som administrasjonsmedarbeidar kan du vere tilsett i både offentlege og private virksomheiter som har behov for å få utført administrative oppgåver. Du kan også vere tilsett i service- og informasjonssenter, eller bedrifter som leige ut slike teneste.

Sentrale arbeidsoppgåver

  • service, kundekontakt og rettleiing
  • skriftleg og munnleg informasjonsformidling
  • ta hand om kommunikasjonskanalane
  • administrere og følgje opp møteverksemd
  • gjere innkjøp, budsjett og rekneskapsarbeid
  • planleggje og gjennomføre marknadsføringsaktivitetar
  • utføre kontinuerleg personalarbeid

Personlege eigenskapar

Ein administrasjonsmedarbeidar må kunne arbeide planmessig, systematisk, rasjonelt og effektivt. Det er viktig med god skriftleg og munnleg framstillingsevne både i norsk og framandspråk, og du må kunne yte god service overfor kundar.

Utdanningsveg

  1. Vg1: Sal, service og reiseliv
  2. Vg2: Service og sikkerheit
  3. Vg3: Opplæring i bedrift i to år. Fagbrev etter bestått fagprøve.

Les meir på: vilbli.no

Våre medlemsbedrifter