Trevare og bygginnredningsfaget
Trevare og bygginnredningsfaget

Snikkarfaget med fordjupingsområde

Sist oppdatert: 10/03/2022

Snikkaren lagar treprodukt som dører, vindauge, trapper og innredningar til kjøkken og bad.

Aktuelle arbeidsplassar

Snikkaren arbeider i bedrifter som produserer vindauge, dører, trapper og/eller innreiingar av tre. Arbeidsplassen er i hovudsak på ein fast produksjonsstad, men det kan vere enkelte monteringsoppdrag ute på byggjeplassane eller om bord i båtar.

Sentrale arbeidsoppgåver

På grunn av utstrekt spesialisering innanfor faget må du velje eit fordjupingsområde: produksjon av vindauge, dører, trapper eller innreiingar.

  • sentrale arbeidsområde er materialhandtering
  • maskinering/bearbeiding
  • samansetjings- og monteringsarbeid
  • overflatebehandling

Personlege eigenskapar

Ein trevaresnikkar må kunne lage, lese og forstå arbeidsteikningar og spesifikasjonar og kunne velje rett materiale, verktøy og utstyr. Faget var tidlegare eit typisk handverksfag, men i dag er det den maskinelle og ikkje den handverksmessige sida av faget som dominerer. Det er vanleg med datastyrte maskiner, og datakunnskap er dermed viktig. Du bør kunne arbeide sjølvstendig, grundig og nøyaktig, vere kreativ og ha estetisk sans.

Utdanningsveg

  1. Vg1 Bygg- og anleggsteknikk
  2. Vg2 Treteknikk
  3. Vg3 Opplæring i bedrift i to år. Sveinebrev etter bestått sveineprøve.

Les meir på: vilbli.no

Vår medlemsbedrift